DYRSKU`N
13.09 - 15.09
Telemark


Dyrsku’n 13.-15. september

I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku'n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.
Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsett her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku'n, som alltid startar 2. fredag i september! 


Søknadsfrist for utstillarar er 1. april 2019.

www.dyrskun.no/for-utstillar/kundesenter
www.instagram.com/dyrskunseljord #dyrskun #dyrskun2019



«September 2019»
SunMonTueWedThuFriSat
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345
6789101112