RYFEST
02.09 - 04.09
Rogaland

RYFEST - (Tidligere Norsk Frukt-og Laksefest)

Utstillingar handverk Spinneriet, fred 2.sep 15.00-19.00
Utstillingar handverk Spinneriet, lørd 3.sept 10.00-16.00
Utstillingar i Vågen, lørd 3.sept 10.00-16.00

Ryfest har som mål å vera ein festhelg for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike 
Ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og handverk får høve til å presentera seg, og lokale artistar står 
på scena saman med nasjonale.

Mange vitjar Ryfest kvart år for å kjøpa førsteklasses frukt eller laks til ein hyggeleg pris. På vårt store frukttorg 
finn du epler, pærer og plommer. Ryfest går heller ikkje på akkord med kvaliteten på frukt for å selja til låge prisar, 
her finn du berre første sortering. Bemanninga på frukttorget er fruktdyrkarar frå Ryfylke, tilslutta Rogaland Frukt- og bærdyrkarlag. 
Antall besøkande varierer frå 4000 til 6000, noko avhengig av veret. Me har rundt 30 handverks-utstillarar i Spinneriet og rundt 
50 utstillarar i Vågen.