VÅRMARKNAD
25.05 - 25.05
Telemark

Velkomen til ein innhaldsrik Vårmarknad 2019! 

Er du bilinteressera, er Vårmarknaden i Seljord staden å vere på! Her kan du oppleve biltreff med Amcar, eige område for Amcar-camping, veterankøyretøy, bilutstillingar med premiar og cruising/parade.
Laurdag er det ope for publikum med ein stor brukt- og antikkmarknad, i tillegg til auksjon. På fredag kveld spelar Christian Pallesen band, og laurdag kveld kjem E-76 og spelar opp til allsong og dans. 

Og du? Vi har Noregs kanskje finaste campingplass – med gode fasilitetar og infrastruktur.

Vi ynskjer velkomen til utstillarar innan bil/motor, brukt og antikk/vintage/retroprodukt, til standplassar både ute og inne. Alle får plass, om du driv med sal på hobbybasis eller profesjonelt. Det vil ikkje vere mogleg å førehandstinge standplass, men du sikrar deg ein plass ved personleg oppmøte.

Vi håpar å sjå deg, om du er utstillar eller publikum, på årets Vårmarknad! 


www.dyrskun.no/vaarmarknad
www.facebook.com/VaarmarknadenSeljord



«mars 2019»
tyontofrla
25262728123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
1234567